lørdag 19. november 2011

#11: tu es vraiment mon frêre


Ei lita historie om subversjon i kvardagen. Utdrag:

Du nektar å godta at dette berre skal bli ein vanleg onsdag. I staden går du inn døra på politistasjonen kledd i ein krøllete dress og dei beste steppeskoa dine, med ein pose full av tulipanar i alle fargar.

Straks du entrar lokalet, tar du til med steppinga. Det klaprar slik på det offisielle marmorgolvet at mange kjem ut frå kontora sine for å sjå kva som skjer. Du steppar gjennom det såkalla publikumsområdet og inn i delen merka Utlendingsavsnitt. Der står folk i kø med tomme blikk, klamme hender og vekslande håp for å få stempla papira sine. Alle som ein snur seg mot deg og måper.

Ein streng betjent grip deg i armen og spør om dette er noko slag demonstrasjon, om du har søkt om løyve, har du fått dispensasjon til å steppe her inne på politistasjonen?

Ingen kommentarer: