onsdag 22. juli 2015

#16: follow the track of this train

2012. A6-format, 32 sider. Engelskspråkleg reiseskildring frå Cornwall i form av foto og kortprosa. Tittelen er henta frå teksten til "Penzance" av Patrick Wolf. Finst til utlån frå Demoteket på Bergen off. bibliotek og til sals på Etsy: konstruksjon.etsy.com

2012. A6 format, 32 pages. Prose and photography travelogue from Cornwall, written in English. The title's a quote from the lyrics to "Penzance" by Patrick Wolf. For sale on Etsy: konstruksjon.etsy.com

#15: Edinburgh

Reiseskildring fra Edinburgh sommeren 2011. Tospråklig utgave med all tekst både på norsk og engelsk. / Travelogue from Edinburgh summer 2011. Bilingual edition with all text in both English and Norwegian.

tirsdag 3. april 2012

#14


Fire tekstar med havet som fellesnemnar.

#13: konserter


Korte tekster om konserter, kombinert med foto og illustrasjoner. Til salgs på Etsy: konstruksjon.etsy.com

lørdag 19. november 2011

#12: Høgsaum


Ein serie dikt om ein modell som går ad undas.

#11: tu es vraiment mon frêre (English)


English version of konstruksjon 11. A short story of everyday subversion.

#11: tu es vraiment mon frêre


Ei lita historie om subversjon i kvardagen. Utdrag:

Du nektar å godta at dette berre skal bli ein vanleg onsdag. I staden går du inn døra på politistasjonen kledd i ein krøllete dress og dei beste steppeskoa dine, med ein pose full av tulipanar i alle fargar.

Straks du entrar lokalet, tar du til med steppinga. Det klaprar slik på det offisielle marmorgolvet at mange kjem ut frå kontora sine for å sjå kva som skjer. Du steppar gjennom det såkalla publikumsområdet og inn i delen merka Utlendingsavsnitt. Der står folk i kø med tomme blikk, klamme hender og vekslande håp for å få stempla papira sine. Alle som ein snur seg mot deg og måper.

Ein streng betjent grip deg i armen og spør om dette er noko slag demonstrasjon, om du har søkt om løyve, har du fått dispensasjon til å steppe her inne på politistasjonen?